Min første film på Youtube!!!

I dag har eg lagt ut min fyste video på Youtube! Det er ikkje ein typisk blogg-video eg har lagt ut no. Denne videoen er tenkt for folk som vil lære seg å strikke. Eg har hjelpt mange i gang med dette før, og eit felles problem, har ofte våre at dei synes det er vanskelig å legge opp maskene i starten av ein strikke prosjekt.

Derfor har eg laga til denne videoen. Denne videoen viser korleis legge opp maskene når ein starter på eit nytt strikke prosjekt! Du kan se videoen HER!

Håper den kan hjelpe mange!
Lykke til!!!




 

#Handarbeid #Håndarbeid #kreativ #strikke #strikketøy #strikkekurs #prosjekt #video #youtube #film #kreativitet #masker #leggeopp #starte #NyttProsjekt  #vlogg

Oppskrift på Strikka sløyfe!

Eg kan jo ta å dela oppskrifta på desse sløyfene eg har strikka  med dekan.
Oppskrifta har eg laga sjølv.
Eg har laga to forskjellige. Ei til litt mindre gaver, og ei til litt større gaver. 




Eg har brukt pinne nr 6 og garnet Ullrikka fra Nille.
Ein kan sjølvsagt bruke anna garn og pinner, og legger med måla til dei som måtte ønske dette.

Den støste:

1. Legg opp 10m.(eventuelt så det vert ca 6 cm i bredden)
2. Strikk heile sløyfa med glattstrikk. Altså 1.omg. rett, 2.omg. vrang. Og gjenta.
3. Fortsett slik til arbeidet måler ca 20cm.
4. Fell av.

Den minste:

1. Legg opp 8m.(eventuelt så det vert ca 5 cm i bredden)
2. Strikk heile sløyfa med glattstrikk. Altså 1.omg. rett, 2.omg. vrang. Og gjenta.
3. Fortsett slik til arbeidet måler ca 16cm.
4. Fell av.


Sy sammen:

5. Sy først sammen endene på vranga. Så ein sitter med eitt rundt band.
6. legg det så flatt sammen på vranga, men den sydde kanten på midten. 
7. Sy så sammen eine sida på sløyfa.
8. Brett det over til retta igjen, og sy sammen den andre sida. 
9. Surr så garn rundt heile midten av sløyfa.

 

1. Her har eg lagt opp 8 masker til å strikke ei lite sløyfe.

2. Slik er det glattstrikk ser ut.

3 og 4. Slik ser sløyfa ut når den er 16 cm, og felt av.

5. Slik starter ein å sy saman sløyfa. kant mot kant.

5.Slik ser den ut etter å ha litt sydd samman. Som eit rundt band.

6. Hen kan du se kordan "sy kanten" er plassert på midten, når ein legger "sløyfa" saman for sying.

7. Slik ser det da ut da eine sida er sydd saman.

8. Da er det på tide å vrenge den tilbake til retta, å sy saman andre sida også.

8. Ein kan se midt på her, kvar ein har sydd den saman.
Dette har eg plassert her med vilje, då det vert gjøymt bak "midten" på sløyfa til slutt.

8.Slik ser den andre sida ut.

9. Så surrer ein tråd rundt midten. Da kan ein velge kor mykje som skal brukes, ut i fra kva ein synes ser finest ut.


Og slik blir den da når den er ferdig.

 

 

#Strikke #Strikka #Strikkeoppskrift #oppskrift #kreativ #sy #sløyfe #strikkedilla #jul #julegaver #morro #rødt #rød 

 

Les mer i arkivet » Mai 2015 » November 2014
hits